Retningslinjer om permisjon frå grunnskoleopplæringa
§ 1. Formål
Formålet med desse retningslinjene er å gi føreseielege bestemmingar om når permisjon skal og kan gis, og kva forhold skulen skal vektlegge når skulen vurderer om det er forsvarleg å innvilge permisjon. Videre skal retningslinjene bidra til lik behandling av søknader om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring ved vår skule.
§ 2. Vilkår for permisjon frå grunnskuleopplæringa
Ein elev kan etter søknad få permisjon frå skulen dersom eleven samla sett får ei opplæring som er forsvarleg, jf. privatskoleloven § 3-13. I vurderinga av kva som er forsvarleg for den enkelte eleven, skal skulen legge vekt på følgande:
a) Kva som er det beste for eleven og kva eleven sjølv meiner, jf. privatskoleloven § 5A-1 og § 5A-2
b) Elevens fråværshistorikk
c) Den faglege utviklinga hjå eleven
d) Skulen sitt undervisningsopplegg og planlagde vurderingar i permisjonstida
e) Moglegheita for å følge faga ved oppfølging frå foreldre/føresette.
Elever som ikkje er medlem av den Den norske kirke, har rett til permisjon på alle heilagdagane innanfor trussamfunnet de høyrer til. I desse tilfella skal rektor ikkje vurdere om permisjonen er forsvarleg eller ikkje, men angi kva som er nødvendig at eleven gjer av skulearbeid for å kunne følge med i undervisninga etter permisjonen.
Skulen kan gi en elev permisjon
i inntil 10 skuledagar, men i spesielle situasjonar der foreldra sikrar at eleven får opplæring i permisjonstida og årsaka til permisjonssøknaden er forhold som ikkje er i samband med ferie eller fritid for foreldrane, kan skulen gi permisjon i meir enn 10 skuledagar samanhengande. Det kan gis permisjon i fleire periodar.
Det skal til vanlig ikkje innvilgast permisjon ved førebuing til, eller ved gjennomføring av:
a) statlege kartleggingsprøver
b) nasjonale prøver
c) særskilte prosjekter, spesielle periodar i en individuell tilrettelegging eller annet som skulen ser som så viktig at det ikkje er forsvarleg å gi permisjon
§ 3. Behandling av søknader om permisjon
Skulen skal motta søknad om permisjon i rimeleg tid og fortrinnsvis innan tre veker før det ønska permisjonstidspunktet.
Rektor har delegert myndigheit frå skulens sitt styre til å fatte vedtak i saker om elevpermisjon. Rektor kan delegere myndigheit til å avgjere søknader om permisjon til andre.
For permisjonar med varigheit på inntil 2 skuledagar, har styret delegert myndigheit til å innvilge permisjon til elevens kontaktlærar. Slike søknader kan sendast til skulen kort tid før permisjonstidspunkt.
Ved behandling av søknad om permisjon gjelder dei vanlege saksbehandlingsregler for enkeltvedtak, jf. forvaltningslova.
§4. Klage
Klage på skulen si avgjersle om permisjon må sendast skulen innan tre veker etter at skolens avgjersle er mottatt. Klagen skal sendast til skulen ved rektor. Dersom skulen ikkje gjer om vedtaket, vil saka bli sendt til statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.
Retningslinjene er vedtatt av styret for Hjellvik Montessoriskule 20.10.25
