Hjellvik Montessoriskule

Hjellvik Montessoriskule ligg vakkert til på Hjellvik i Osterøy kommune. 

Skulen ligg sentralt til i bygda, med nytt nærmiljøanlegg som inneheld ballbinge, tennisbane, basketballbane, sandvolleyballbane og kunstgrasbane. Naturen kring skulen er storslått og variert, med skog og fjell, fjord og vatn. Osterøys vakraste badestrand ligg berre 100 meter frå skulen.

Hjellvik skule var opphaveleg ein kommunal skule som vart lagt ned etter 120 års drift. Bygda hadde eit sterkt ønskje om å framleis ha ein skule i lokalmiljøet, og søkte difor godkjenning av privat skuledrift. Skulen er godkjend som montessoriskule med plass til inntil 70 elevar på 1.-7.trinn. Dette gjev høve til eit oversiktleg miljø med stor vaksentettleik. Skulen er ikkje berre ein grendaskule, men vil ta imot elevar frå andre bygder og kommunar om dei søkjer.

Ved Hjellvik skule er dei føresette ein stor ressurs, og dei føresette vil både formelt og uformelt kunne ha stor påverknad på borna sin skulekvardag. Styret for skulen er skulen sitt øvste organ, og har fleire foreldrerepresentantar.

Skulen hadde oppstart hausten 2016. Skulen framstår som eit attraktivt bygg med tenlege klasserom, godkjend av Miljøretta Helsevern. Me ynskjer foreldre som er interesserte i å søkje skuleplass til borna sine velkommen til å beskøkje oss på skulen etter avtale.