Velkommen til Skulefritidsordning
Opningstider er mÅndag til fredag, klokka 7:30 - 16:30
SFO er for born frå 1. - 7- trinn. Skulefritidsordninga er open heile juni, heile august, haust- og vinterferie for dei som har heil plass.
Me heldt stengt i jule- og påskeferien.
Kontakt gjerne SFO på telefonnummer 56390000. Telefonen er bemanna mellom 14.15 og 16.30.
Tilbod 1 :: Halv plass ::
På skulen vår kan du nytte inntil 12 timar SFO pr. veke fritt innan SFO sine opningstider. Desse er måndag - fredag 7:30 - 16:30.
I veker med fredagsfri kan du nytte 6 av 12 gratistimar for born i 1. - 3. trinn på fredagsfri dersom du ønsker det.
Prisar frå 1.8.2025:
Pris for born frå 4.-7. trinn: kr 2600,- pr. månad i 11 månader. Prisen er inkludert kr 200 for måltid på SFO.
Pris for born frå 1. - 3. trinn: Gratis plass, men det må tilkjem kr 200 per månad for måltid på SFO.
Tilbod 2 :: Heil plass ::
Ubegrensa plass på SFO innanfor opningstidene og SFO tilbod i haustferie, vinterferie og i juni og august.
Prisar frå 1.8.2025:
Pris kr 3600,- pr. månad i 11 månader for born i 4. - 7. trinn. Prisen er inkludert kr 200 for måltid på SFO.
Pris kr 800,- pr. månad i 11 månader for born i 1. - 3. trinn. Prisen er inkludert kr 200 for måltid på SFO.
Tilbod 3 :: dagplass ::
På elevfrie fredagar, er det mogeleg å melde seg på SFO-dag. SFO er open frå 08:00-14:00 for elevar som melder seg på SFO desse dagane, og som ikkje vanlegvis har SFO-plass. Dersom ein ønsker dagplass på elevfri fredag, må ein sende beskjed om dette til skulen seinast måndag same veke. Skulen tar i mot påmeldingar via e-post til post@hjellvikskule.no, eller på sms til skuletelefonen: 990 77 888.
Pris for dagplass på elevfri skuledag er kr 100,-
I feriar er det mogleg å søke om dagplass. Dersom det er kapasitet vil alle som søker få innvilga plass. Søknadar må sendast inn seinast ei veke før feriestart. Søknadar sendast til post@hjellvikskule.no.
Pris for dagplass på feriedagar er kr 200,-
OPPSEIING AV SFO-PLASS ::
Oppseiingstida er 1 månad frå den 1. i månaden.