Kva er ein montessoriskule?

Ein montessoriskule er ein skule der elevane opplever læring, valfridom og orden, og får utvikla seg i eit tilrettelagt miljø der læringsprosessen er fleksibel, naturleg og open. Trygge rammer og tydelege vaksne skal særprega miljøet på skulen.

Det er som regel aldersblanda grupper i ein montessoriskule. Det er det også hjå oss. Klasserommea er tilrettelagt for borna sine aktivitetar og oppgåver og dei er også lagt opp til å stimulerer borna til å nytta alle sansane i læringsprosessen.  I eit tilrettelagt miljø vil barnet kunne arbeida sjølvstendig. Kvart  fag og emne har sin faste plass, slik at barnet kan finna fram til arbeidsoppgåver på eiga hand.

Borna nyttar materiale som innbyr til utforsking og aktivitet. På denne måten vert det lettare for dei å gå ifrå det konkrete til det meir abstrakte.

Montessorilæreplanen er godkjent av Utdanningsdepartementet og inneheld alle kompetansemål og grunnleggjande ferdigheiter frå Kunnskapsløftet. Forskjellen er ikke kva borna lærer, men korleis.